Aktuelt
RVTS Vest tilbyr rådgjeving og konsultasjon til kommunar, spesialisthelsetenesta og andre hjelparar i samband med flyktningesituasjonen knytt til krigen i Ukraina. Ta kontakt med oss ved behov. Ressursar på nett Mange […]
I samarbeid med RKBU Vest arrangerer vi Forebyggingsforum 2022: Ut av det blå? Gutter og selvmord den 24. mai i Bergen. Det blir forelesninger og paneldebatt. Foreleserne på konferansen representerer […]
Nyleg var det møte i det regionale nettverket for innsatspersonell, som vert leia av RVTS Vest. Nettverket har representantar frå ei rekkje sektorar og forvaltningsnivå, i tillegg til veteranar. Desse […]
Førebygging av utanforskap og valdeleg ekstremisme. Korleis møte hatefulle utsagn i klasserommet? Kva kan skulen gjere for å førebygge gruppebasert utanforskap, og korleis myndiggjere elevane i dette arbeidet? Kurset er […]
ICDP er eit internasjonalt foreledrerettleiingsprogram som skal styrkje samspel og relasjon mellom foreldre og barn. RVTS Vest tilbyr opplæring av ICDP-rettleiarar som skal ha grupper for foreldre med ein flukt- […]
Denne våren har vi eit ekstra fokus på gutar, menn og sjølvmord. Heile 2 av 3 av dei som gjer sjølvmord i Noreg er menn. Dette krev eit ekstra fokus […]
Denne våren har vi eit ekstra fokus på gutar, menn og sjølvmord.
Heile 2 av 3 av dei som gjer sjølvmord i Noreg er menn. Dette krev eit ekstra fokus og innsats retta mot denne gruppa.
Folkeopplysning
Dei siste åra har regjeringa satsa på folkeopplysningskampanjar som skal skape meir openheit kring sjølvmord. Folkeopplysningskampanjene har blitt utforma i et nært samarbeid mellom nasjonale og lokale myndigheiter, kompetansemiljø og brukar-, pårørande- og etterlatteorganisasjonar. Kampanjane er viktige for å gjere befolkninga meir merksam på sjølvmord og korleis ein kan fange opp teikn på at noko slit med sjølvmordstankar. Hausten 2021 vart kampanjen “Snakk om selvmordstanker. Det kan redde liv” rulla ut i Østfoldsregionen. Denne hadde eit ekstra fokus på menn. Kampanjekonseptet er henta frå Helse Vest-kampanjen “Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv”, som også RVTS Vest har vore med å utvikle.
To konferansar med fokus på gutar, menn og sjølvmord
Den 11. mai (flyttet fra 16. februar) arrangerer RVTS Vest, Leve Hordaland og RKBU Vest konferansen “Stille vann – menn og selvmord”. Det kjem forelesarar som sjølv er etterlatne etter sjølvmord, som har hatt sjølvmordstankar eller som jobbar med å hjelpe menneske som sliter med sjølvmordstankar. Her er det allereie mogeleg å melde seg på, og ein kan velje å delta anten fysisk eller digitalt. Den 24. mai skal vi ha forebyggingsforum med fokus på unge menn/gutar og sjølvmord. Meir informasjon om forebyggingsforum kjem i løpet av kort tid.
Relatert:
Regjeringa si handlingsplan om forebygging av sjølvmord