Arkiv
Statsforvaltaren, KORUS, RVTS, RKBU, NAPHA og KS inviterer kommunane i Vestland, til å delta i ein planprosess våren 2023. Planprosessen har særleg merksemd på førebyggande arbeid retta mot barn, unge […]
Den 17. januar arrangerer vi eit seminar med tema giftig kontroll i religiøse kontekstar. Vi spør: Korleis skjer negativ og skadeleg kontroll i religiøse kontekstar og korleis kan vi førebygge? […]
Illustrasjonsbilde hentet fra Pexels 9. mars arrangerer vi webinar om grunnleggande kunnskap om sunn, bekymringsfull, grenseoverskridande og skadeleg seksuell atferd (SSA) hos barn og unge. Kva veit vi om barn […]
Interessert i meir kunnskap om forebygging av radikalisering til høgreekstremisme på sosiale media-plattformar? 29. november arrangerer RVTS Vest, Bergen kommune og Vest politidistrikt eit seminar om dette, med fokus på […]
11. januar arrangerer vi OPS-kurs i samarbeid med RKBU Vest. OPS!-kurset er for alle over 18 år som ønsker å lære meir om korleis oppdage menneske med sjølvmordstankar, og sørge […]
RVTS Vest og Statens Barnehus Bergen arrangerer webinar om kartleggingsverkøyet PROFESOR. PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handligar. – På […]
RVTS Vest og Statens Barnehus Bergen arrangerer webinar om kartleggingsverkøyet PROFESOR.
PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handligar.
– På webinaret vert det ei systematisk gjennomgang av bakgrunn og bruk av verktøyet. Det vert lagt tilrette for dialog i chat, seier kurshaldarane Steinar Hvål og Cathrine Eide. – Vi anbefaler å melde seg på saman med ein kollega. Det er viktig å ha ein person å trene saman med. I løpet av webinaret er det satt av tid til å diskutere med sidemann eller i ei lita gruppe.

Om PROFESOR
PROFESOR er et kartleggingsverktøy og strukturert sjekkliste fagfolk kan bruke for å identifisere beskyttande faktorer og risikofaktorar, for ungdom og unge vaksne (12–25 år) som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handlingar.
PROFESOR er meint brukt ved planlegging av intervensjonar, for å hjelpe den unge til ei betre seksuell og relasjonell helse, og på den måten forebygge tilbakefall av grenseoverskridande seksuell atferd.
Kanadiske Dr. James Worling har utvikla PROFESOR. Verktøyet er omsatt til norsk i samarbeid med Worling, Ressursenheten V27 ved Betanien sjukehus og RVTS Vest.
Webinaret vil sette deltakaren i stand til å bruke PROFESOR i sitt arbeid. PROFESOR er gratis og fritt tilgjengeleg for bruk og nedlastning. .
Førebuing til webinaret
Vi oppmodar om å kikke på skåringssskjema, skåringsassistent og brukarrettleiing, som ligg på www.rvtsvest.demonstrer.es/profesor og ressurssida til James Worling, www.profesor.ca.
Vidare anbefaler vi å lytte gjennom podcasten med Steinar Hvål og Øystein Grov, kor dei diskuterer omsetjingsarbeidet, bruksområder for verktøyet og om fagfeltet generelt.
Praktisk informasjon:
Dato: 30. oktober 2023
Tidspunkt: 09.00 til 15.00
Avgift: 250,-
Tema:
- Bakgrunn for utvikling av verktøyet
- Målgruppe og bruksområde
- Gjennomgang av beskyttande faktorar og risikofaktorar ved bruk av kasuseksempler
- Skåring og handtering av resultat frå kartlegginga
- Vegen vidare
Etter fagdagen vil du:
- Ha god kjennskap til PROFESOR.
- Bruke PROFESOR som eit utgreiingsverktøy, kartleggingsverktøy og som sjekkliste.
- Bruke PROFESOR i planlegging av tiltak, støtte, tryggleiksplanar og behandling.
- Hjelpe kollegaer og andre til å bruke verktøyet.
- Bruke PROFESOR som hjelpemiddel i samrådsmøter og rettleiingsmøter.
Målgruppe:
Fagpersonar som har basiskunnskap om barn og unge som har utført grenseoverskridande seksuelle handlingar. Det er ein fordel med erfaring i bruk av kartleggingsverktøy.
Foredragshaldarar:
Psykologspesialist Cathrine Eide
Psykologspesialist Steinar Hvål