Aktuelt
10. September er Verdensdagen for sjølvmordsforebygging.
Vi ønsker å fremme kampanjen “Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv”, som er eit samarbeid mellom sjukehusa på Vestlandet, Helse Vest, Rogaland Fylkeskommune, interesseorganisasjonar og fleire.
RVTS Vest har ei rekke arrangement og tiltak om forebygging av sjølvmord. I oktober arrangerer vi VIVAT-kuset “Førstehjelp med selvmordsfare” i Bergen, og i november arrangerer vi kurset i Jølster.
I april lanserte vi Livet på timeplanen, som er eit program og nettressurs for å forebygge sjølvmord og sjølvskading i skulen.
Sjå LEVE si nettside for å sjå kva arrangement dei ulike fylkeslaga har.
Ei rekke organisasjonar er involvert i arbeidet med forebygging av sjølvmord. Enkelte av dei har støttegrupper og hjelpetelefonar:
- Ved akutte situasjoner, ring legevakten på 116 117
- Mental Helse: 116 123
- Røde Kors: 800 33 321
- Kirkens SOS: 22 40 00 40
- Ved livstruende situasjoner ring nødnummer 113
For råd og veiledning viser vi til nettsiden som er utarbeidd, helse-vest.no/selvmord.